onsdag 11. juni 2014

STYRET I FINNMARK KOMMUNEREVISJON PLANLEGG Å LEGGE NED I VARDØ OG FLYTTE VERKSEMDA TIL VADSØ

Denne saka er så alvorleg at den må formidlast på nynorsk.
Vardø næringsforening kjenner til at det er fatta eit styrevedtak i Finnmark kommunerevisjon om å flytte hovedkontoret og dei siste 4 tilsette frå Vardø til Vadsø. Dermed er den uroa mange ga uttrykk for då den nye leiaren fekk sete i Vadsø, blitt ein realitet.  Dette til trass for at selskapsavtale og arbeidsavtale seier at hovedsetet er Vardø. Fyrst vart ei stilling borte (leiaren) og no legg dei opp til å flytte dei 4 siste. Kva argument som brukast for å gjennomføre flyttinga har vi ikkje fått innsyn i.
Vardø næringsforening bruker mykje innsats på tiltak for å bygge opp nytt og styrke eksisterande næringsliv.  Mens vi jobbar med å legge stein på stein, er det andre som dreg ut steinar frå grunnmuren. Det voldsomt frustrerande å bli motarbeida. Vi er blitt oppmoda om å la selskapet få jobbe med saka i fred. Nei - desse planene har selskapet jobba med i langt tid i fred utan å informere nokon. Vi må sette vår lit til at representantskapet gjere om vedtaket, og då må vår stemme la seg høyre.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar